Om oss
1. Taijiwuxigong (Qi Gong)
Taijiwuxigong er ein type Qigongøvingar som er utvikla direkte frå Taijiquan av dr. Shen Hongxun for å motvirke belastningar og helseproblem knytt til moderne livsstil. Systemet er lett å lære, og er ein sikker og effektiv metode for betre helse og velvære.
Taijiwuxigong rettar seg mot både fysiske og kjenslemessige utfordringar, og gjev i tillegg grunnprinsippa for behandling av andre. Wu-xi-gong tyder «fem-ledds-pust-øvingar», og referer til fem ledd/område på kroppen som vi gjennom eigne øvingar lærer å «puste» eller opne seg. Desse områda er: Hovud/nakke, skulder/arm, bryst, mage/hofte, fot/hel. Taijiwuxigong set systematisk fokus på dei ulike ytre og indre områda i kroppen, særskilt ledd, musklar og organ, med hovudfokus på ryggrada, som alle deler av kroppen er kopla til gjennom nervebanar.
I øvingane vert det jobba med å strekke og opne ledda og auke fleksibiliteten, slappe av i dei store musklane, bruke pusten rett, stilne sinnet og få auka fokus.
Målet er å gjere det lettare for kroppen å restituere seg, å betra førestnadene slik at dei sjølvregulerande funksjonane i kroppen ikkje vert forstyrra og forringa.
I tillegg til Wuxigong-øvingane, «daoyin», har Taijiwuxigong óg eigne øvingar for å fremje spontan regulering/qi-rørsle i kroppen, og denne kombinasjonen gjer systemet svært effektivt.
Lenke: Nordisk Buqi Organisasjon Master Shen Jin
2. Stress, smerter og ryggplager
Hovudteorien til dr. Shen er teorien om «den doble vonde sirkelen» av langvarig dårleg kroppshaldning og mentalt stress. Samanpressa ledd og stive musklar grunna feil haldning og kroppsbruk, fører til dårlegare flyt av både kroppsvæsker og qi, slik at den naturlege utreinsinga vert redusert og avfallsstoff hopar seg opp. Emosjonar og mentalt stress skil óg ut kjemiske stoff som kan stagnere i kroppen, og i enda større grad viss den naturlege flyten av væsker og qi er redusert. Øvingane i Taijiwuxigong har som mål å bryte desse to vonde sirklane, reversere plagene og ubalansen som har oppstått, og gjere kroppen open, fleksibel og full av vitalitet. Hovudfokus er på ryggsøyla, som påverkar og har nerveforgreiningar til alle deler av kroppen.
Lenke: Den doble vonde sirkelen
3. BUQI-terapi
Den kinesiske legen og taiji-meisteren Dr. Shen Hongxun (1939-2011) oppdaga korleis han kunne bruke taijikreftene han hadde utvikla gjennom kampkunst til også å behandle pasientar. Han skapte eit eige behandlingssystem, BUQI-terapi.
Behandlinga føregår ved at ein reinsar akupunktubanane i kroppen og fjernar gammalt stress og avfallsstoff som har stagnert, slik at kroppsvæsker og qi flyt friare, og kroppen restituerer og regulerer seg betre. Behandlinga følgjer såleis dei same prinsippa som øvingane ein gjer sjølv.
Lenke: Buqi terapi