Mi historie

Då eg  berre hadde nokre månader att av 7 års hovudfagsstudie i utøvande musikk, vart eg slått heilt ut av smerter i rygg og nakke, med nakkeprolaps osv. Energinivået stupte og det synte seg etterkvart at eg ikkje kunne halde fram med faget mitt. Inga behandling hjelpte mot smertene - før eg oppdaga det fantastiske BUQI-systemet. 

Frå kampkunst til helse

 

Eg har trent karate i mange år og er gradert svart belte (2. dan). På ei treningssamling heime på Voss nevnte eg for hovudinstruktør, som eg hadde kjent i mange år, at eg hadde for store konstante smerter til å klare å fortsetje å trene karate. Han kvitterte med å tilby meg ei kort behandling frå ein terapi kalla "BUQI", som er basert på kunnskapar frå tradisjonell kinesisk kampkunst.  Han var ein av få i Norden som kunne dette. Eg hadde ikkje noko å tape, og takka ja til tilbodet. Den umiddelbare effekten på meg var ekstrem - smertene forsvann ei stund heilt frå dei ledda i ryggen han hadde behandla. 

Lenke: WIKF karate

Dr. Shen

 

Eg hadde prøvd ei rekkje ulike terapiar i mange år, men ingen hadde fjerna smertene slik som den korte BUQI-behandlinga. Eg måtte få vita meir, og same veke bestilte eg tur til Gent, Belgia for å trene med grunnleggjaren av BUQI-systemet, Dr. Shen Hongxun (1939-2011).


Dr. Shen var lege både i vestleg og kinesisk medisin, lama i tibetansk buddisme og ein av dei mest kunnskapsrike Tai Chi-instruktørane i verda. Ved å kombinere "hemmeleg" kunnskap frå kinesisk kampkunst med kunnskap frå moderne medisin, skapte han BUQI-terapi. ​

Lenke: Dr. Shen, biografi


 

Ei ny retning i livet

Møtet med Buqi og Dr. Shen endra livet mitt. Dei siste 12 åra har eg reist til England, Belgia, Nederland, Frankrike, Oslo og Bergen for å fordjupe meg så mykje som mogleg i dette fantastiske systemet. Godt over 100 vekekurs og helgekurs har det blitt.

Eg har utdanning som Buqi-terapeut (3-årig studie) og instruktør, og underviser i Taijiwuxigong (Qigong), Yi Jin Daoyin (Qigong), Tai Chi Form og Meditasjon. Eg underviser og behandlar i eige lokale i sentrum av Voss og har god kontakt med instruktørar både i Norge og andre land i Europa. Målet mitt er å gje denne kunnskapen og treningsforma vidare til flest mogleg, slik at dei kan få ei positiv, varig endring i livet sitt.

Tai Chi - Qi Gong - LingZi - Buqi - Chan Meditasjon

Timebestilling

info@seimtaichi.no

90 11 97 10

  • facebook
  • googleplus
  • tbird

Copyright 2013 Seim .

Kart